Alt som er

.

alt som erJames Salter er ein kjent amerikansk forfattar som har vore ganske så ukjent for meg heilt fram til det siste. Kanskje ikkje så rart, i og med at den første omsetjinga til norsk først kom i 2013. Tre bøker har kome etter kvart, romanen Lysår (2013), novellesamlinga «Er du her ennå?» (2014) og romanen «Alt som er» (2015).

I byrjinga av boka møter vi hovudpersonen Philip Bowman som soldat om bord i eit amerikansk krigsskip i Stillehavet på slutten av andre verdskrigen. Etter at krigen er over fylgjer vi hovudpersonen si livsreise gjennom 40 år. Han byrjar å studere ved Harvard og endar opp i New York. Litt tilfeldig hamnar han i forlagsbransjen, stig i gradene og vert etter kvart ein renommert forleggar. Han lever det glade etterkrigsliv, møter kjærleiken og giftar seg. Ekteskapet varer ikkje så lenge, men damer er det nok av og nye lidenskapelege forhold vert etablert.  50-, 60- og 70-åra passerer revy og miljøet og stemninga i boka vekkjer atterklang hos oss. Vi kjenner det igjen frå filmar og tv-seriar som vi har sett, t.d. for alle oss som elskar «Mad Men».

Som lesar både likar og mislikar eg hovudpersonen Philip Bowman. Eg vert irritert over vala han gjer, synest han kan vere både ufordrageleg og svikefull, men samstundes både sjarmerande og reflektert. Litt synd på han er det også...

Ei medrivande handling kombinert med eit godt språk i ein slentrande, ledig stil gjorde denne boka til ei flott lesaroppleving for meg. Eg må verkeleg kreditere Merete Alfsen for ypparleg arbeid med omsetjinga. 

Eg kan også varmt anbefale dei to andre bøkene til Salter som er komne på norsk, og så vonar eg verkeleg at fleire bøker av forfattaren vert omsett til norsk i åra som kjem.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: