Svenske gummistøvler

.

Svenske gummistoevlerDen pensjonerte legen Fredrik Welin bråvaknar ei haustnatt av di huset hans stend i full fyr! Han kjem seg så vidt ut i pysjamas, ein gamal regnfrakk og 2 venstrebeins gummistøvlar. Heile tilværet hans krakkelerer.

Alt er i kaos. Kvifor brann huset? Kva skal han gjere? Kor skal han bu?

Heldigvis stend der ei gamla campingvogn på øya som han kan bruke. Men hurtighandling av klede, viser seg bare å vere billege kinesiske importvarer. Det blir ubegripeleg viktig å få seg eit par skikkelege svenske gummistøvlar av merket Tretorn, men det viser seg å vere vanskeleg.

Plutseleg blir einsemda han har lika før, nesten utmattande. Og tapet av det gamle huset på øya i den svenske skjergarden, som han har arva etter besteforeldra, blir uuthaldeleg. Han har eigentleg ingen venner, bare folk ha trur han kjenner litt. Ei vaksen dotter som han har eit svært anstrengt forhold til, bur i utlandet og mor hennar er død. Han dett ned i ein slags passivitet og grubling over verdas elendigheit, som blir endå vanskelegare når det viser seg at brannen er påsett, og politiet trur han driv med forsikringssvindel.

Welin fingranskar det gamle båthuset etter morfaren, og finn nokre gamle notatbøker, nokre gamle fuglebur, og ei handbok i å fange og take vare på fuglar. Totalt ukjent  for han som hadde mykje tid saman med morfaren. Kva veit me eigentleg om våre medmenneske??

Me fylgjer Welins undring og funderingar om seg sjølv, situasjonen og dei få menneska han har kontakt med, ma den pensjonerte postmannen Jansson som han har eit anstrengt forhold til, og den oppsøkjande journalisten i lokalavisa som han forelskar seg i.

Plutseleg får han ein telefon frå dottera i Frankrike som for fyrste gong ber om hjelp av di ho har hamna i fengsel. Han dreg straks av garde, og får henne ut ved hjelp av den norske ambassaden. Mens han er der, brenn der eit anna huset  uti øyane, påsett på same måten. Mistanken mot Welin fell bort, og han får igjen litt pågangsmot.
Eit år etter brannen har han fått seg nytt hus - ein kopi av det gamle. Han blir bestefar med utsikt til å få heim ei svært forandra dotter som gjerne vil bu i det nye huset, han har fått ei venninde i journalisten, og han finn ut kven som har tent på - og symbolsk: Han får seg endeleg eit par svenske gummistøvlar.

Løysinga om brannstiftaren er uventa for Welin, og denne blir heller ikkje teken av politiet, men det viktigaste er å vite og forstå kva som skjer, og å ha eit mål frametter i livet.
Forfatter: Henning Mankell.

Trine Naadland, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: