Petropolis

.

petropolisI denne boka skildrar forfattaren korleis den halvt jødiske, men totalt areligiøse, halvt svarte, men kulturelt heilt russiske Sasja veks opp i den triste byen Asbest 2 og seinare reiser som postordrebrud til Amerika der ho m.a. finn att far sin. Sasja er hovudpersonen i boka, og i starten av boka er ho 14 år og året er 1992.

Ho lever saman med mor si som er sjefsbibliotekar i Asbest. Faren forlet familien då Sasja var 9-10 år. Mora har gitt opp at  dotra skal danse ballett eller drive med musikk. På kunstskolen finn Sasja eit miljø ho kan trivast i. Som 15 åring blir Sasja mor til Nadja. Mormor Ljubov tek seg av Nadja og sender Sasja avgarde for studere kunst. Sasja blir fråteken morsrolla, og seinare har ho skuldkjensle fordi ho ikkje har morskjensle. Dette blir beskrive på ein gripande måte utan at boka blir sentimental. Studiane går ikkje så bra og Sasja reiser til Amerika for å prøve lykka og å  leite etter far sin.

Historia om Sasja, som hadde ein tøff start på livet, men som klarer seg godt, er skriven på ein enkel og direkte måte. Boka har ei blanding av satire, farse og hjarteskjerande realisme.

Merete Røsvik Granlund omtalar boka i Dag og Tid: "Ein amerikansk suksessroman om tøffe, russiske realitetar har blitt ein etnisk tilpassa versjon av den amerikanske draumen."

Dette er debutboka til russiske Anya Ulinic som er fødd i 1973 og som utvandra til Amerika saman med familien sin som 17-åring.
Eg håpar Ulinic kjem med fleire bøker!

Kari

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: