Ektemannens hemmelighet

.

ektemannens hemmelighetKor godt kjenner du eigentleg dine aller næraste?
Tenk deg at mannen din har skrive eit brev til deg som kun skal åpnast etter han er død.
Tenk deg også at brevet inneheld hans djupaste, mørkaste hemmelegheit - ein hemmeligheit so mørk at den ikkje berre vil endre livet ditt fullstendig, men også livet til andre rundt deg. Så kan du tenkje deg at du tilfeldigvis snublar borti dette brevet medan mannen din er i live, i aller høgste grad.

Dette er ei bok som inneheld litt av alt, noko som verkelig fungerar. Det er ulike paralellhistorier som utover i boka vert fletta saman naturleg etter kvart som hitoria utviklar seg. I starten var boka litt forvirrende, og eg syntest persongalleriet var i overkant. Men etter kvart som ein vert kjend med karakterane, og boka begynner å feste seg så følest det likevel oversiktleg.

Den kritikarroste australske forfattaren Liane Moriarty har skrive ein glimrande, fasinerande og tankevekkjande roman som verkeleg set spørsmålstegn ved kor godt vi eigentleg kjenner våre næraste - og ikke minst - kor godt kjenner du eigentleg deg sjølv?

Boka er overraskande, rørande, sterk og tankevekkjande, og eg vil absolutt anbefale den til andre som er på jakt etter ei god bok.

Boka er oversett til norsk av Solveig Moen Rusten.

Marianne Omenås, Stranda folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: