Galskap og eventyr

.

galskapLikar du å lese biografiar? Då har vi eit tips: Åshild Ulstrup er fødd i 1934 og har arbeidd som journalist og radiomedarbeidar. Ho er særleg kjend for dei personlege intervja  i  radioprogramma «Sånn er livet», «På livet laust» og «Middagsstunden».

I denne biografien fortel ho om livet sitt og med fokus på barndommen sin. Ulstrup vaks opp i Valen i Sunnhordaland. I denne bygda fanst det eit asyl. Halvparten av innbyggarane i Valen var pasientar på asylet.

Frå baksideteksten på boka: «Ulstrup går tilbake til ein uvanleg barndom i ei bygd med mangfald av liv og lagnader, landskap og opne dører, ein barndom med både galskap og eventyr.»  Boka gir innsikt i livet hennar og familien hennar.

Journalist Ulstrup skriv veldig godt. Ho skriv om arbeid og slit, fest og kvardag, liv og død. Ho skriv «på livet laust» ; på ein ærleg, direkte, klok og uredd måte : «sånn er livet».

God bok!!

Kari Nesdal, Ålesund bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: