Fortellingen om øde (2015)

.

fortellingen om ødeKort fortalt handlar denne romanen om den tyske tannlegen Carlo Ritter som trekk ut alle tennene sine og forlet eit komfortabelt liv i mellomkrigstidas Europa for å leve eit tannlaust einebuartilvære på ei aude øy i Stillehavet.

På den aude øya har Carlo planlagt å leve kun av frukt. Difor treng han ikkje tenner, og difor trekk han dei ut før avreisa. For sikkerheits skuld, og siden han trass alt ikkje veit så mykje om korleis livet på øya vil arte seg, har han laga seg eit stålgebiss som han har i bakhand.

Men Dr. Carlo opplever at førestillingane han har om korleis livet på øya skal bli, raknar allereie når han står aleine på stranda den første dagen. Øya og naturen der er ein nådelaus stad, trass i at den ligg i eit tropisk klima.

Det går heller ikkje lang tid før han får uvelkomment besøk av eit ungt ektepar, og med eitt er det sosiale gnisningar på den vesle øya. Betre blir det ikkje når ei eksentrisk baronesse slår seg ned på stranda med sitt mannlege harem. Kampen for tilværet er knallhard, og det er vanskeleg å seie kva som er mest truande, menneska eller naturen.

Fortellingen om øde er, utruleg nok, basert på verkelege hendingar. I 1929 flytta den tyske tannlegen Friedrich Ritter til den aude Galápagos-øya Floreana saman med ein av sine pasientar. Eit par år seinare kom eit ektepar med ein 12 år gammal son og litt seinare kom ei ekte baronesse, Eloise von Wagner-Bosquet. Baronessa hadde med seg to tyske elskarar og ein ecuadoriansk handverkar.
Etter kort tid fekk ho bygd eit lite hus som ho kalla "Hacienda Paradis" og omtrent då byrja idyllen å slå sprekker. Konflikter førte til at tre menneske blei drepne og at to forsvann i løpet av berre nokre månader. Nøyaktig kva som skjedde er det ingen som veit, men "the Galápagos Affair" fekk stor merksemd i den interasjonale pressa. Og dannar altså det verkelege utgangspunktet for Ida Hegazi Høyer sin roman.

Forfattar Ida Hegazi Høyer er eit nytt bekjentskap for min del. Ho har tidligare gitt ut tre romanar. For Fortellingen om øde er ho nominert til P2-lytternes romanpris og til Osloprisen.

Eg likte denne romanen veldig godt, den har ei spennande handling, som trass i alle dei absurde tinga som skjer, er bygd på verkelege hendingar. Forfattaren skriv i eit nydelig, poetisk og særprega språk og forteljinga har driv og overskudd.

Romanen er skriven i tredjeperson, og sjølve øya har også fått sin eigen synsvinkel. Øya blir tillagt menneskelege eigenskapar, den er i stand til å skilje det eine mennesket frå det andre og den får nærast gudeliknande evner. Det er eit overraskende trekk; den levende øya som betraktar menneska og ventar på feiltrinna deira.  

Øybuarane si skjebne er tragisk, men romanen er også morsom, særlig dr. Carlo, som er ein hissig og oppfarande type. Han blir rasande på dei som kjem til øya og forstyrrar idyllen, som slett ikkje er nokon idyll. Han vil bli lagt merke til, han er opptatt av ettermælet sitt, og har, som så mange andre, stort ego, liten sjølvinnsikt, og overdriven tru på eigen vilje og evne.

Anne Marit Huse, Ålesund bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: