All kjærlighets begynnelse

.

all kjærlighets begynnelseKunne du tenke deg å lese ei bok om "ein stalker"? Den som "stalkar", er sjukeleg og tvangsmessig oppteken av ein annan person. I denne romanen møter vi den 37 år gamle sjukepleiaren Stella som blir stalka av Mister Pfister.

Stella er gift med Jason og har dotra Ava. Mister Pfister bur i nabolaget og prøver å få kontakt med Stella med ulike metodar. Han ringer på døra og puttar lappar i postkassa til Stella.

Den tyske forfattaren Judith Hermann er fødd i Berlin i 1970. Ho har eit reinskore og presist språk i denne romanen. Ho er dyktig til å bygge opp spenning. Ho er også dyktig til å bygge opp persongalleriet.

"Judith Hermann har skrevet en roman om kjærlighetens krav og grunnvilkår" heiter det på baksida av boka. For meg var møtet med forfattar Judith svært positivt. Ei velskrive bok på 174 sider som eg gjerne kan anbefale.

Kari Nesdal, Ålesund bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: