Barneloven

.

BarnelovenIan McEwan  har eit stort og spennande forfattarskap. Han blir mykje lest.

Den nye boka hans frå 2015 med tittelen «Barneloven» og originaltittel «The childrens act», kan gjerne anbefalast. I romanen møter vi høgsterettsdommar Fiona Maye som arbeider for familieretten i London. Ho er ein dyktig og engasjert jurist som arbeider med krevjande saker.

I jobben blir Fiona konfrontert med ein kreftsjuk 17-åring. Møte med Adam er viktig i boka. Privat har ho vore lukkeleg gift med same mann. Men som kjent blir det ikkje romanar av lukke som varer. Mannen flyttar ut. Det handlar her om utruskap. Korleis skal det gå på jobben og korleis skal det gå med ekteskapet for Fiona?

McEWan har skrive bøker som har vore meir velskrivne, f.eks «Lørdag» og «Om forlatelse», likevel - «Barneloven» er ei engasjerande og god bok.

Kari Nesdal, Ålesund bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: