Vente på fuglen

.

Vente paa fuglenMed 140 teikn pr. novelle tek Grytten oss med på ei reise gjennom livet. Boka er eit resultat av Twitterprosjektet til forfattaren, som gjekk ut på å skrive ultrakort om dei store tinga i livet. Boka inneheld eit utval av dei beste novellene frå prosjektet.

Ein dag i livet til nyttårsbarn (22 timar):
Skrike. Sove. Ete. Sove. NRK. Sove. NTB.
Ete. Sove. TV2. Drite. Bade. Skrike.
Sove. Ete. Sove.

Så enkelt startar det, ikkje veldig poetisk, men det inneheld akkurat det første linja lover. Boka held fram med barnet som veks til og blir ein tenåring med turbulente tenåringstankar: 

Face. Twitter. Skype. Mail. Chat. Blogg.
iPhone. Gowalla. Google+. Og ikkje eitt
einaste jækla ord frå verdas
kleinaste kjæraste (15).

Frå tenåringens svart/kvit-verd beveger vi oss inn i den vaksne verda, krydra med beisk humor og skråblikk på samfunnet vi lever i:  

Høgre-mann (35) står opp, fiksar frukost,
sjekkar blodsukker, pussar tenner, oljar
føter, skyl tarm, tar på blådress og går ut i
tiggarfri by.

Innimellom får vi, befriande nok, både halvdårlege vitsar og velbrukte ordspel, men desse er med på å gjere boka til det ho er. Lesbar! 

Rekneskapsførar (40) føler at han har
noko uoppgjort med heile verda. Etter
kvart viser det seg at han også har noko
uoppgjort med Økokrim.

Kjærleik har ein stor plass i boka og eg synest at novellene med ny kjærleik i halvgamle hjarte er særs fine:

Einaste ledige plass for kvinne (44) er ved
bordet der mann (45) sit. Lenge før kaffi og
dessert, er dei blitt jente (16) og gut (17).

Alderdomen har og fått ein romsleg plass, både det å bli godt vaksen, å bli pensjonist og det å bli aleine er vakkert ordsett. Kanskje treff desse novellene hjartet på ein spesiell måte når ein sjølv er over midtvegs i livet?  

Språket i enkelte av novellene kan virke litt enkelt, og ordforrådet står innimellom ikkje heilt i stil med det Grytten brukar å levere i bøkene sine. Men, når du har 140 teikn til rådighet så må det nødvendigvis bli slik. Og det gjer ikkje boka sett under eitt dårleg, det berre beviser at forfattaren er ein ordsmed av rang! 

Alle gode ting har ein ende seiest det, og slik er det og med denne boka. Og Frode Grytten avsluttar slik: 

Han starta med to tomme hender. På det
meste hadde han 350 hender i arbeid. No
ligg han her, fullstendig avhengig av
andres hender.

Anna Marie Jensen, Nesset folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: