Svøm med dem som drukner

.

Svøm med dem som druknerEdvard på 23 år er hovudpersonen i den siste boka til Lars Mytting. Han er foreldrelaus og veks opp hos bestefaren på eit småbruk i Gudbrandsdalen. Foreldra hans omkom i ein gasseksplosjon i ein skog i Frankrike då han var liten gut.

Edvard kjenner til at han sjølv forsvann i nokre dagar rett etter ulykka, men at han seinare dukka opp tilsynelatande uskadd på ein politistasjon ein annan stad i Frankrike. Når bestefaren dør, prøver Edvard å finne ut av mysteriet om kva som eigentleg skjedde med han og foreldra den gongen for 20 år sidan. Han legg ut på ei reise til Shetland for å finne spor etter bestefaren sin bror, Einar og vidare går ferda til Frankrike, både for å finne ut om bakgrunnen til si franskfødde mor og for å finne tilbake til staden der ulykka skjedde.

Forfattaren er ein god og truverdig forteljar som fortel om hemmelege familiehistorier, dramatiske dødsfall, søking etter det å høyre til og sjølvsagt kjærleiken. Vi vert riven med og følgjer han på ferda frå innlandet i Norge over til det vindfulle Shetland og til slagmarkene i Frankrike.

Dette er ei bok som på mange måtar er ganske ulik dei andre bøkene til Lars Mytting. Men vi kjenner likevel igjen somme trekk, m.a. den treffande skildringa av bygdemiljøet i Gudbrandsdalen frå «Hestekrefter» og fascinasjonen for tre i frå «Hel ved».

Eg likte godt denne romanen, kosa meg verkeleg!  Boka er godt skriven, spennande og av det slaget som er vanskeleg å legge frå seg.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: