Påskeparaden

.

Paskeparaden Har du lyst å lese ein moderne tragedie frå forrige århundre?


”Ingen av Grimes-søstrene skulle få et lykkelig liv, og i ettertid virket det som om problemene begynte da foreldrene ble skilt” heiter det i den fyrste setninga i boka.

 

I denne boka møter vi systrene Sarah og Emily som er fødde i New York på 1920-talet. Vi fylgjer dei frå dei er barn til dei er middelaldrande. Sarah, den eldste, gifter seg tidleg og blir mor og husmor. Emily tek utdanning og jobbar i tidsskrift- og reklamebransjen.

Forfattaren fortel historia om to systre som lever sine strevsame liv. Vi kan sjå Emily som ein representant for ei moderne og sjølvstendig kvinne: ho har utdanning og
karriere, ho har mange forhold og mange menn og ho vel abort framfor barn. Eg opplever som lesar at Emily manglar fotfeste i tilværet. Livet til storesyster Sarah vart heller ikkje så lukkeleg som ho hadde håpa på. Ektemannen Tony er valdeleg; han slår kona si.

Litteraturanmeldaren Leif Ekle seier det slik: ”Yates har en særegen evne til å betrakte sine karakterer med en kjølig, nesten kald distanse – samtidig som han åpenbart formidler empati og medfølelse med dem.”

Med denne boka set Richard Yates søkelys på verdiane i samtida si; trua på framgang og lykke. Yates veit at det er mykje som gøymer seg under fasaden, mykje som ikkje er så perfekt. Yates er elles kjend for boka Revelutionary road, ei bok som også er filmatisert.

Boka Påskeparaden opptok meg fordi eg synes forfattaren skriv så godt. Han skildrar ærleg og nakent. Han driv ikkje med ordgyteri.
God bok !

Kari N.
 

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: