Harpesang

.

harpesangEin middelaldrande og desillusjonert musikkprodusent er på besøk hjå ein kompis på grunn av ein barnedåp der han er spurt om å vere fadder. I kyrkja vekkast hans interesse når han høyrer ein himmelsk salmesong frå eit par benkeradar lengre bak, der det sit tre eldre menneskje. Etter gudstenesta styrtar han ut av kyrkja for å få dei i tale, men trøytt og sliten og bakfull som han er, gjer han ikkje det beste inntrykket og blir kontant avvist.

Slik byrjar denne forteljinga om musikkprodusent Jim Gystads jakt etter det ekte, noko han trudde var tapt i en demoralisera bransje. Han blir besett av ideen om å gjere ein innspeling med dei tre syskena Thorsen. Men dei er ikkje like interessera. Dei har ein karriere som omreisande evangelistmusikarar bak seg, og reknar det som eit avslutta kapittel.  Dei tre er to systrer og ein bror, og særleg broren, Timoteus, er svært vanskeleg å ha med å gjere.

Men dette er og ei historie om tru, samhald, historie, lureri og tapt kjærleik. Tre sysken i åttiåra som har hatt lange og innhaldsrike liv, som sjølvsagt har farga dei og utvikla dei til det dei er i dag. Vi får fylgje nåtidas hendingar i den vesle bygda, men vi får og sjå tilbakeblikk på tre historier. Kvifor bur dei saman, kvifor har ingen av dei eigen familie, kva har gjort Timoteus så sær og kvifor har dei ikkje tatt av plasten på seta i den 40 år gamle bilen?

Det heile er fortalt med Levi Henriksens karakteristiske, stillferdige forteljarstemme i ein roleg og avslappa atmosfære. Her er ikkje høg fart eller stormande action, men det er ei nydeleg bok! Kan og anbefalast som lydbok, forfattaren les sjølv og han gjer det godt. I lydboka får ein og eit par musikkspor som bidreg til å skapa stemning. God lesing!

Håvard Bjørnelv, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: