Gule krokus om våren

.

Gule krokus om vaarenRomanen tar oss med til Virginia i Sørstatane under slavetida. Det er ei sterk fortelling om menneskeskjebne og om forholdet mellom slavar og kvite.

Hovudpersonane i boka er Elizabeth og Mattie. Elizabeth vart fødd på farmen Fair Oaks. Ho var lagt rett i armane på ammen Mattie, ei slavekvinne som hadde fødd sonen Samuel for tre månader sidan, men som måtte forlate si eiga familie for å ta seg av Elizabeth. Mattie er snill og omsorgsfull, og Elizabeth knyter seg sterkt til Mattie. Det er rørande å høyre om det sterke bandet mellom desse to frå kvar si verd.

Elizabeth lærer seg Matties haldningar og verdiar som står i sterk kontrast til dei verdiane som råder i den “kalde” luksusheimen ho høyrer til. Vi får høyre om Mattie, dei korte besøka hennar hos familen sin og draumen ho ber på om å kunne røme til Ohio som er ein fristat for slavane. Elizbeth vert med til slavekvarteret dei dagane Mattie får lov å besøke sonen og familien sin. Vi får høyre om Elizabeth og det overflatiske livet foreldra legg opp for henne. Ball og luksuskjolar, og der målet er å finne den brudgomen som har den største farmen osv.

Men når Elizabeth veks opp ser ho verda også frå Matties side og etterkvart må ho velje mellom det som er sosialt akseptabelt og det som er rett for henne. Dette valet endrar livet hennar for alltid. Sterkt inntrykk gjer skildringa av slavane, korleis dei vert behandla og det synet dei store farmarane, eller dei kvite har på dei. “Slaver er bare tre femtedeler av et menneske. De er ikke berettiget til de samme rettene som kristne”­ ifølge faren til Elizabeth. “Behandle niggerne dine som halvveis mennesker og halvveis dyr, så vil du klare det fint”­ ifølge oppsynsmannen på farmen.

Boka gir eit gripande innblikk i korleis slavar var behandla av dei kvite ­ som eigedelar dei gjorde som dei ville med, voldtekt av unge slavejenter, kjøp og sal av slavar som førte til at familier, foreldre og barn vart splitta og sende til ulike deler av landet og aldri fekk sjå kvarandre igjen. Vi får også høyre om det overfladiske og tome livet dei rike kvite levde, og kor “kaldt” forhold det var mellom barn og foreldre i slike heimar. Barna fekk eit nærare forhold til sine ammer og barnepassarar enn til sine eigne foreldre.

Dette er ein engasjerande og tankevekkjande roman. Boka er lettlest og kan kanskje ikkje kallast stor litteratur, men den er skriven slik at ein ikkje klarer å legge den frå seg før siste side er lest, og den vert ikkje gløymt med det første. Forfaqttar er Laila Ibrahim.

Birgit Barstad Sørheim, Ørsta folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: