Levende og døde i Winsford

.

Levende og doede i WinsfordNår det ligg føre ei ny bok av Håkan Nesser er det alltid med stor spenning og forventning eg byrjar å lese. Og kvar gong vert eg så glad over at denne meisteren leverer, som han også gjer med denne boka.

«Levende og døde i Winsford» er ei blanding av ein vanleg roman og ei spenningsbok. Denne gongen er vi sørvest i England, i Cornwall. Det er seint på hausten og ei svensk kvinne i lag med hunden sin kjem til landsbyen for å bu i eit hus som ligg aude til ute på heden. Kven er denne middelaldrande kvinna, Maria og korleis er hennar historie? Kvifor kom ho hit og kva har skjedd med henne? Må ho skjule seg for nokon som jaktar på henne? Og kva hende med mannen hennar? Alle desse spørsmåla stiller vi oss sjølvsagt som lesarar. Gradvis vert historia om det som har skjedd tidlegare avdekt for oss, både det som hende for over 30 år sidan i Marokko og det som ligg nærare i tid. Vi trur at vi innser korleis det heile heng saman, men så tek handlinga ei heilt ny og overraskande vending.   

Litterært sett nyt eg å lese Nesser med sitt rike og mangfaldige, men samstundes presise språk. Det som har hendt i fortida vert naturleg og elegant fletta inn i notidsforteljinga. Naturskildringane med mørke, regn og skodde bygg godt opp under den mystiske og litt utrygge stemninga.

Hovudpersonen står fram som truverdig, levande og ekte. Som lesar vert ein fylt av motstridande kjensler i høve til henne, både sympati, men også undring og avsky.

Dette er ei  bok som er vanskeleg å legge frå seg. Ho er av det slaget der du berre må lese endå eit kapittel, før du diverre må ta ein pause for å gjere andre «nødvendige ting». Herleg!

Hilde Alvestad, Sykkylven biliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: