Rotnorsk

.

rotnorskEin spenningsroman kan vere så mangt. Det er ikkje uvanleg at samfunnskommentaren er tydeleg til stades. Elin Brodin høyrer med til dei som brukar romanforma til å synleggjere korleis forminga av samfunnet ofte får ei slagside.

Det hjartet er fylt av… legg ho i tankegangen og munnen på sine romankarakterar. Dette er ikkje berre samfunnskritikk, men like mykje ein sivilisasjonskritikk. Skeivheitene bryt altså på djupare vatn.

Rotnorsk set lyskastaren både på fordomar det er vanskeleg å vedkjenne seg, barnevern og psykiatri. Heilt inn i det eksistensielle. Gjennom eit drap utført i ein sjukehuskorridor, møter vi ulike teoriar knytt til tenkelege motiv for ugjerninga. Ikkje ulikt ein kriminalroman. Forskjellen går på korleis vi får del i etterforskaren sitt møte med seg sjølv gjennom møta med informantar og mulege medsamansvorne.

Tankevekkande livsalvor – og lesverdig.

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: