Fleur

.

fleurVi er tilbake i 1970. Maria, ung jente på 19 år frå Norge, reiser på eiga hand til Tunisia for å vere med på ein internasjonal dugnad i sommarferien. Ungdommar frå mange land er med, også frå Tunisia.

Maria er idealistisk og vil gjere noko for andre, som ikkje har det så bra som henne. Men ho er også eventyrlysten og spent på det eksotiske, det arabiske. Maria  forelskar seg i ein ung tunisisk student, Aziz, og han gjev henne tilnamnet Fleur. Etter at dugnaden er over reiser ho ikkje heim slik dei andre ungdommane gjer, men vert med Aziz på reise sørover til hans heimstad. Det vert ei reise bakover i tid, til oasen der han er frå, og til familien hans. Alt der er ulikt det vante - enkelt, gamaldags på alle vis – men Maria trivest likevel og kjenner seg heime der i det framande.

På mange måtar er denne romanen av Marit Tusvik ei kjent historie for oss: ung, naiv jente frå nord møter ung, pen, eksotisk mann frå sør, og vi veit kor det går… Men så er det så mykje meir med denne boka.  Det er både ei historie om idealistisk ungdom på 70-talet og eit Tunisia med positiv tru på framtida. Og ikkje minst er dette også ein rørande og fin kjærleiksroman. Boka er skriven i eit lett og godt språk og passar for alle aldersgrupper.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: