Karthago

.

karthagoNår ei tenåringsjente forsvinn i Adirondack-fjella, skjelv den vesle byen Karthago i grunnvollane. Medan faren, Zeno Mayfield, og andre frivillige fortvila leitar etter den sakna Cressida, vert det oppdaga ein mistenkt som står Mayfield-familien ubehageleg nær -  den dekorerte Irak-veteranen Brett Kincaid, som inntil nyleg var forlova med Cressida si vakre storesøster Juliet.

Cressida har vorte sett på ein tvilsam utestad saman med Brett. Tungt medisinert og alkoholisert har han kjøyrt avgarde med dei til eit naturreservat utanfor byen. Cressida kjem ikkje heim. Har Brett drepe henne? Kan han i dei pågåande politiavhøyra skjelne mellom notid og traumatiske opplevelsar i Kirkuk i Irak?

Medan bevismengda mot den krigsskadde korporalen aukar, må Mayfield-familien ta inn over seg at Cressida kan vere tapt for dei for alltid - og at ho kanskje var det allereie lenge før ho forsvann.

Av Cressidas familie er det faren Zeno vi blir best kjend med: byens tidlegare demokratiske borgermeister; maskulin, følsom, handlekraftig og beskyttande. Cressida si mor Arlette og systra Juliet fortel ikkje boka so mykje om. Den ulukkelege Irak-veteranen Brett og den forsvunne Cressida er hovudpersonane i romanen.

Joyce Carol Oates sin nyaste roman er ei skarpt observert og djupt engasjerende forteljing om ein familie i samhald og oppløysing, og eit skarpt portrett av ein heimvend veteran som for alltid er endra av krigen han var med på. Med Oates sin eigen evne til å skildre både enkeltmennesket si indre drivkraft og mekanismene i det ytre samfunnet, har dette blitt ei oppslukande forteljing om vald og kjærleik, skam og tilgiving.

Eit nytt høgdepunkt frå forfattaren av bl.a. ”Vi var familien Mulvaney”.

Marianne Bakke Omenås, Stranda folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: