Svar på brev frå Helga

.

svar pa brev fra helgaEi fantastisk bok! Innanfor ramma av eit svarbrev til ei tidlegare elskarinne, maktar forfattaren å teikne eit bilete av eit liv som både begeistrar og provoserer. Gisle har følgt kona si til grava etter eit langt og utfordrande kvardagsliv. Han sit sjølv på gravkanten, men skriv altså eit brev til ho han hadde «på lån» ei tid.

Omsetjaren må nok også få sin del av æra for verket. Boka er kort, men språket, formuleringane og skildringane fekk meg i kne. Det nynorske språket på sitt mest poetiske, utan å bli pompøst. Ei livsrøynsle der erotikken og humoren spelar på lag med livsalvoret og kvardagslivet.

Her er eimen av islandske ætteforteljingar para i hop med jordnære og samfunnskritiske kommentarar. Komplisert? Nei, fornøyeleg og gripande. Farvel til det platte og inkjeseiande. Vel kan han Gisle stå fram som både sjølvoppteken og patetisk, men du verda kor han kan oppsummere eit liv på sine gamle dagar. Det avspeglar sjølvironi og korleis det kan vere å vere menneske. Det er ikkje action, men forteljinga har likevel driv.

Eg unner deg å bruke ein kveld eller to på dette stykke litteratur av Bergsveinn Birgisson. Hermed anbefalt!

Kristin F. Husøy, Herøy folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: