Den største forbrytelsen

.

forbrytelsen01Marte Michelet (fødd 1975) er ein norsk journalist, kommentator og forfattar. Ho jobba i Dagbladet frå 2006 til 2014, frå 2009 som debatt- og kronikkansvarlig. Som kommentator har ho skrive mykje om feminisme, innvandring, integrering og asylpolitikk, og vore ein skarp kritikar av anti-muslimske strøymingar.

Hausten 2014 ga ho ut denne boka; Den største forbrytelsen - Ofre og gjerningsmenn i det norske holocaust, på Gyldendal forlag. Boka vann Brageprisen i 2014 i kategorien sakprosa.

På byrjinga av 1900-talet kjem det unge jødiske ekteparet Benzel og Sara Braude til Kristiania. Dei slår seg ned på Grünerløkka og får fire barn: syerska Helene, kommunisten Isak, skodespelarspiren Harry og boksaren Charles.

På ein anna kant av byen veks Stian Bech jr. opp. Han er son av ein antisemittisk høgsterettsadvokat og slit med å leve opp til forventingar frå omgjevnadane. Krigen skal gi Bech jr. nye muligheiter.

Ein kald februardag i 1941 kjem Wilhelm Wagner frå sikkerheitspolitiet i Berlin til Oslo for å kartlegge alle jødar i Noreg. På kvart sitt vis vert alle desse skjebnene fletta inn i nazismen sitt fanatiske utryddingsprosjekt.

26. november 1942 står ofre og gjerningsmenn ansikt til ansikt. Då går den første transporten med norske jødar til Auschwitz. Berre eit fåtal skal vende tilbake i live.

Kven stod bak forsøket på å utslette jødane frå Noreg? Kvifor og korleis kunne denne ugjerninga skje? Marte Michelet handsamar dette traumatiske kapitlet av norsk krigshistorie i si fulle breidde, basert på moderne forsking og ein møysommelig gjennomgang av norsk og tysk arkivmateriale. Det er ei rystande forteljing, og samtidig eit levande portrett av jødisk liv i Noreg i mellomkrigstida og dei skjebnesvangre okkupasjonsåra.

Anne Marit

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: