Slåttekar i himmelen

.

hoem slattekar"Slåttekaren heitte Knut Hansen Nesje, men folk kalla han berre for Nesje, og jorda han bygsla over småbyen Molde, kalla dei Nesje-stykket". Slik startar romanen “Slåttekar i himmelen” og slik får vi presentert oldefaren til Edvard Hoem.

Hoem held i denne boka fram med å fortelje om si eiga familie. Denne gongen er det oldefaren og hans liv og samtid som vert skildra. I “Heimlandet Barndom” (1985) skriv han om sin eigen oppvekst på garden Hoem og i “Mors og fars historie” (2005) skriv han om foreldra sine og deira ungdomstid.

Hoem hadde få fakta å bygge på om oldefaren. "Men sjølv om eg kjenner dei viktigaste årstala i livet hans og har enkelte vitnemål om korleis han levde, var det ikkje nok då eg skulle skrive om han. Eg måtte dikte han fram av luft og ingenting, av lyset over Molde og Rekneslia, av vinden som ruskar meg i håret og regnet som fall på markene og menneska i hans og mi tid". 

Knut Hansen Nesje arbeider på storgarden Gørvell. Han har bygsla eit stykke jord på garden Reknes, og for bygslinga må han gjere pliktarbeid på Reknes. For å få arbeide på sitt eige jordstykke må han ta natta til hjelp.

Forteljinga startar i 1874 på 36-årsdagen til Nesje. Han er enkjemann på andre året og har også sonen Hans på fjorten år å ta seg av. Denne dagen møtte han Serianna som har kome til Molde for å søkje teneste. Den piperøykande Serianna gjer inntrykk på Nesje, så sterkt inntrykk  at det vert kjærleik, giftarmål og barnefødslar.

Gjertine, veslesøstra til Serianna, kjem også inn i historia. Ho kjem og hjelper til i heimen til Serine og Nesje under barnefødslar m.m. Om Gjertine får vi høyre at ho er ei sterk kvinne, at ho talte presten midt imot og at ho har evner utanom det vanlege: å stanse blod ved bønn. Ho håpa lenge å få Hans, sonen til Nesje, som mann, men han ville opp og fram og ei bondejente frå Romsdal var ikkje bra nok for han. Seinare giftar ho seg med ein annan, salmakar Ole, og reiser til Amerika.

I slekta til Serianna er det mange sterke og særprega menneske.Gjennom skildringa av deira liv lar Hoem oss få vi kjennskap til samfunnstilhøva, naturen og arbeidet både på prærien i USA og her heime.

Tida Hoem skildrar var ei hard epoke i Norgshistoria. Draumen om Amerika vaks fram og mange reiste i desse åra, også mange av Nesje og Serianna sine slektningar. Dei ville vekk frå slitet og det harde og kummerlege livet på gardane her heime. Men Nesje var ein nøysom kar som valde å verte verande i Norge sjølv om det var harde tider. Han var stolt over den 16 mål store jordlappen han bygsla, men han sleit for å få endane til å møtast. Han opplevde også at alle dei fire sønene hans på ulikt vis forsvann ut av livet hans. Ein reiste til Amerika før han var 16 år og ein vart sett vekk til den barnlause svigerinna og svogeren i ei anna bygd, berre 7 år gamal.

Skildringa av nybyggjarlivet i Midtvesten er noko av det beste i romanen. Hoem har vore i Sør-Dakota to gongar i samband med boka, så han har verkeleg sett seg inn i korleis dei hadde det der. Det var ikkje alle som fekk det betre i Amerika. Det vart mykje slit der også. Men Hoem fortel ikkje berre om slitet og vanskane, men også om gledene og alt dei fekk til.

Denne forteljinga kunne eigenleg handle om fleire. Mange av oss har slektningar som reiste til Amerika i denne perioden, og mange av oss stammar frå dei som sleit og kava på Vestlandsgardar. Med andre ord eit lite stykke Norgeshistorie.

Det var ei glede å lese “Slåttekar i himmelen”. Nydelig språk og noko lavmælt og lunt over heile boka. Vi føler både gleder og sorger og kjenner på ein måte kor hardt dei sleit. Å høyre boka som lydbok er sikkert ei oppleving for dei som vèl det. Ingen les vel betre enn Hoem. Når eg les boka “høyrer” eg heile  tida stemma til Hoem. Eg synes det var ei flott leseoppleving. Hoem skriv slik at ein berre må blade vidare til neste side. "En sjelden vakker roman" skriv Cathrine Krøger i Dagbladet, og eg kan berre slutte meg til det.

Birgit Barstad Sørheim, Ørsta folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: