Sone Z

.

sone zVed hjelp av ubemanna dronar overvåker DeGarve grensa som held flyktkningar ute av byen så vel som hunden som får sin regelmessige spasetur i det rolege finansdistriktet. Det er berre å trekke i snora dersom han oppfattar ein situasjon som truande, og meir enn to personar samla i dei mørke timane er å rekne for ein farleg konstellasjon.

DeGarve har overvåka ovanfrå lenge, også etter eit langt arbeidsliv med spenning i lufta som pilot. Han har holdt ut vaktene i sone Z lenger enn andre og er beundra og respektert for sin innsats. Men korleis er sjølvbildet?

To kvinner kan gi oss svaret på det - den eine er hans eige datter som no har forsvunne, den andre ei ung dame på eit hustak som han har begynt å få eit øye på no når han har fått vakter i sone B i tillegg.

Å sjå bilde er eit viktig element i alt Øyvind Vågnes skriv. Samfunnet som er observert her kan vere eit mørkt framtidssamfunn. Eller er vi der allereie?

David Beadle, Haram folkebibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: