Guds barn

.

Guds barnMed Lars Petter Sveen har Møre og Romsdal og Fræna har fått ein ung, lovande og nynorskskrivande forfattar. Den 3. boka hans "Guds barn" kom i august i år. Sjeldan har ein ung forfattar vore så kritikarrost i alle media.

Då blir ein spent på å lese boka, og ekstra spent når Lars Petter har vakse opp i nabohuset i byggefeltet vårt her i Elnesvågen.

Og det var spanande lesing. Boka er skrive inn i Det nye Testamentet i tida frå Jesu fødsel til 10-året etter Jesu død. Ein les seg frå historie til historie om folk som på forskjellig vis møter Jesus eller høyrer om han.

Vi møter soldatar som er satt til å drepe alle førstfødte gutebarn, apostlane som følgjer Jesus og vi møter kvinnene Marta, Maria, Anne og Ruth og dei utstøyte, spedalske eller andre som lir av alvorlege sjukdomar.

I fine, knappe og nesten poetiske stykke vert det fortalt om hendinger og ofte vonde hendinger. Palestina er styrt av romarane og det herskar lovløyse i landet.

Tvilen og kampen mellom det onde og det gode kjem fram i alle personane vi møter - som i livet sjølv. Har leigesoldaten, som er betalt for å drepe eller landeveisrøvaren, som drep for å overleve, har dei ein valfridom?

Lesaren går inn i dei ulike historiene og lar seg rive med, alt imens ein undrast på korleis forfattaren vil samle trådane til slutt. Han lukkast med det. Boka gir eit godt blikk inn i livet på Jesu tid og ein blir imponert over forfattaren si kunnskap. Ein ser landskapa framføre seg, klærne dei går i, maten dei æt og husa dei bor i.

Dette er en historisk roman men og ein roman som tek opp problemstillingar i vår egen tid. Vi må alle gjere våre val mellom det onde og det gode og tvilen kan komme over oss.

Dette er ein bok ein får lyst å lese fleire gonger. Det fine, enkle og verknadsfulle språket gjer at ein "les" mykje mellom linene.

Gudrun Refstrup, Fræna folkebibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: