Gater i mørke

.

modianoÅrets nobelprisvinnar i litteratur, Patrick Modiano, skriv stillferdige romanar, mykje om identitet og andre verdskrigen. Boka kom ut i 1978, og same året fekk han ein stor fransk litteraturpris for den.

Hovudpersonen Guy Roland fortel om jakta på eigen identitet. I 1965 mistar han jobben i etterforskingsbyrået av di sjefen blir pensjonist. Då bestemmer han seg for å finne kven han eigentleg er - 10 år etter at han miste hukommelsen.

Han vinglar rundt i Paris, frå den eine til den andre som har kjent folk han kjende og etterkvart også nokon som har kjent vår venn. Det blir som ei detektivforteljing , men også ei merkeleg vandring mellom folk som alle har smertelege minne om tida han spør om. Det var slutten av 1930-åra og byrjinga av krigen. Han får på ulike vis tak i bilete av både venner og til slutt seg sjølv som ung mann. Ved å oppsøkje dei ulike stadene desse menneska har budd, dukkar etterkvart minna opp igjen. Det er mange gode, men også smertelege opplevingar som dukkar fram frå skoddeheimen. Krigen som kastar så lange skuggar at mange måtte rømme frå Paris, eksilliv i fjella, gode og tvilsame hjelparar og spørsmål som stadig er svarlause. Kva slags menneske var han eigentleg? Lever det stadig nokon av dei han var glad i?

Boka er både lettlesen og tankevekkande.

Trine Naadland, Giske folkebibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: