Så lenge det er stjerner på himmelen

.

Sa lenge det er stjerner på himmelenBoka til Kristin Harmel har alt, til og med freistande bakeoppskrifter!

Den fortel ei familiehistorie gjennom fleire generasjonar. Den inneheld løyndomar og løgner som har vore godt gjøymt, men som til slutt vert tvinga fram i dagen. Og når dei gjer det, får det uante konsekvensar for dei det rammar. Historia fortel om tre generasjonar kvinner: Rose, dottera Josephine og dotterdottera Hope.

Rose er fødd i Frankrike på 1920-talet, og når ho får Alzheimers sjukdom i sin alderdom, vert ho innhenta av ei fortid ho ikkje har fortalt nokon om. På 1940-talet under 2. verdskrig kom ho til Amerika som flyktning, traff amerikanaren Ted og fødde kort tid etter dottera Josephine. Gjennom heile sitt vaksne liv dreiv ho eit bakeri som har gått i arv i familien, og som no vert drive av Hope. Ho er i midten av 30-åra, nyskild og prøvar å starte eit nytt liv med dottera Annie.

Ein dag får Hope ei liste med namn av bestemora, som bed henne innstendig om å reise til Paris for å finne ut kva som hende med dei. Namna er heilt ukjende for Hope. Ho tvilar på om det er bestemora som snakkar, eller om det er sjukdommen som dreg avgarde med tankane til den gamle dama. Men etter overtydingar fra tenåringsdottera og med hjelp frå venen Gavin, reiser ho til Paris. Der gjer ho overraskande oppdagingar og vert kjend med bestemora si fortid, som ho har halde hemmeleg heile livet. Oppdagingane gjer også at Hope vert kjend med andre sider av seg sjølv, og at ho også set spørsmålsteikn ved val ho har gjort gjennom sitt 35-årige liv.

Dette er starten til ei nydeleg historie om kjærleik og ærlegdom, identitet og tilhøyring, samt trongen for å verne både seg sjølv og sine næraste for dei val ein tek i livet. Samstundes minner boka om kor viktig det er at verdshistoria ikke vert gløymd.

Ei bok til ettertanke!

Marianne Dahle, Kristiansund bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: