Jernteppet

.

JernteppetSjølv tjuefire år etter at 'Austblokken' gjekk i oppløysing, kan Aust-Europa framleis bli oppfatta som ein einsformig einheit.

Sannheita er at radikalt ulike språk og kulturar gøymer seg her, men Sovjetunionen festa eit så strengt grep på desse landa etter 1945 at regimane likna kvarandre innad og utad. Parolar mana til produksjon og lojalitet. Den raude stjerna blei festa på byggverk, hengt på kontorveggane og pryda lokomotiv.

Men for det overveldande fleirtalet av folket som budde her, signaliserte den raude stjerna tausheit, korrusjon og ikke minst kjedsomheit. Korleis kunne Sovjetunionen legg så stramme rammer rundt så mange millionar menneske, til og med etter frie val i og etter 1945?

Gjennom arkivkjelder i ei rekke land og mange personelege beretningar, har Anne Applebaum skapt ein unik presentasjon av prosessane som forvandla samfunn vi kan identifisere oss med til triste tilvere under diktatoriske styresett. Det er desse tilsynelatande fredelege prosessane boka omhandlar. Særleg kapitlet om ungdom er interessant, gruppa mest råka av kjedsomheita. Ungdomsorganisasjonane i Aust-Europa før 1945 kunne minne om våre. Boka beskriv grundig gjennom ulike eksempel korleis desse blei infiltert og nedbrytt medan partitrue alternativ blei gjort 'attraktive'. Boka er delt etter samfunnsområde framfor land, men under kvart tema vil ein kunne sette seg inn i det enkelte land.

Boka strekker seg over perioden 1944 til 1956. Årstalet 1944 gir eit sterkt signal om at Hitler var i ferd med å tape sin krig, men 1956? Dette året så eit blodig opprør i Ungarn, langt på veg eit ungdomsopprør, som blei stått ned gjennom ein enorm militær operasjon. Fasadane blei gjennomretta og blodet skylt ned i avløp så effektivt at episoden fort gjekk i gløymeboka i vest. Invasjonen var eit brutalt varsel om at sjølvstende og nøytralitet ikkje var på tale i Aust-Europa i etterkrigstida.

David Beadle, Haram folkebibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: