Et helt halvt år

.

helt halvt årKan ein roman vere både trist og sjarmerande morosam på same tid? Ja. «Et helt halvt år» av Jojo Moyes klarar den hårfine balansegangen heilt utmerka. Rørande og morosam, gripande, trist og medrivande. Denne sjarmklumpen av ein roman rommar mange motstridande eigenskapar.

Lou Clark veit ein god del. Ho veit hvor mange skritt det er frå busshaldeplassen og heim. Ho veit at ho likar jobben sin på kafeen The Buttered Bun, og ho veit at ho kanskje ikkje elskar kjærasten sin, Patrick. Det Lou ikkje veit, er at ho snart kjem til å miste jobben, eller at ho er avhengig av å vite kva som ventar rundt neste sving, for ikkje å gå frå forstanden.

Will Traynor veit at motorsykkelulukka tok fra han viljen til å leve. Han veit at alt følest veldig smått og meiningslaust, og han veit nøyaktig korleis han skal få slutt på det. Det Will ikkje veit, er at det er like før Lou stormar inn i livet hans som eit levande fyrverkeri. Og ingen av dei veit at dei kjem til å forandre kvarandre for alltid.

26 år gamle Lou Clark vert ansatt i eit halvt års engasjement for å ta seg av Will, som er lam etter ei trafikkulykke. Will er bister og bitter. Lou er full av humor, livsgnist og sarkasmer. Gradvis lærer dei to kvarandre å kjenne. På godt og vondt. Snart går det opp for Lou at Will ønsker å dø. Alle dei fysiske og psykiske plagene - for ikkje å snakke om saknet av det aktive livet han levde før ulukka - gjer at han ønsker å avslutte det heile. Men han har lova foreldra å tenkje over saka i seks månadar.

Vil Lou klare å overtale Will om at livet er verdt å leve?

Som lesar veit eg at eg er lettlurt. Men eg bit gladeleg på agnet med søkke og snøre og humrar og grin og lar meg rive med. Ei slik bok er dette; ein strålande underhaldningsroman. Den viser at sjølv dei mest ømtålege temaer kan verte belyst med massevis av humor og sjarm utan at det blir platt.

Er du lettrørt, vil denne boka garantert få deg til å gråte ein skvett. Til gjengjeld har den fått deg til å smile mange gongar på veien fram til siste side.

”Et helt halvt år”  har i fleire månadar vore på bestselgarlister i England, USA og Tyskland. Den er selt til over 30 land og planleggast som film i 2014.

Unn deg å lese denne boka!

Marianne Bakke Omenås, Stranda folkebibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: