Profetene i Evighetsfjorden

.

Profetene i EvighetsfjordenDette er ein stor historisk roman om korleis Danmark behandla Grønland og grønlendere på slutten av 1700-talet, i etterkant av Hans Egedes forsøk på å etablere ei kristen tro på øya.

Vi følgjer hovedpersonen, nordmannen Morten Falck på hans reise frå heimbygda Lier, via teologistudier i København til pastorvirke og langsom fordervelse på Grønland. På den lille boplassen Evighetsfjorden har ei lita gruppe grønlendere samla seg, dei kallar seg profeter av Guds nåde, og søker å løsrive seg frå Danmark. Her blir pastor Falck og kateketen hans sendt for å ta eit endeleg oppgjør med dei, og dette møtet belyser eit mørkt kapittel i dansk historie. Danskane ser på grønlenderane som de elendige ville, men ironisk nok er det danskane som oppfører seg som barbarar. Sjølv pastoren syndar støtt og stadig.

Det er ei barsk og usminka historie som brutalt skildrar ei tid og eit samfunn prega av nød, vald og epidemiar, der mørke og kulde regjerer saman med gapestokken og bibelen. Det er nærast som stanken frå kloakken dampar ut av boka, der folk vassar i skit og lort, og som lesar fryktar du at også lusa hopper ut av bokblada. Her er levande beskriving av magesjau, årelating med brennevin som einaste bedøvelse og ei brutal skildring av valdtekt og ein påfølgande abort. Lite vellystig lektyre altså, likevel blir du dradd vidare, for boka er verkeleg godt skrive, historia er god, og mellom all elendighet finn du og litt humor. Boka gir ei usedvanlig god leseoppleving.

Forfattaren Kim Leine er født i Norge, men flytta til Danmark som 17-åring. Han er utdanna sjukepleiar og har bodd på Grønland i 15 år. 

Boka fekk Nordisk råds litteraturpris i 2013.

Kari Flatmark, Sula bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: