Lucida

.

LucidaEit kjærleiksbrot kan føre til brutale etterdønningar for den som vert råka. I Lucida møter vi 23-årige Robert, ein kunstnarspire som reiser til Syden på desperat jakt etter å oppspore og gjenerobre eks-kjærasten Maya Mesic. Ho har busett seg i Costa de la Luz, ei typisk turistsmørje. 

Forfattaren har ei særmerkt observasjonsevne og nyttar sjølvsagt høvet til å ironisere over mykje av den ”galskapen” som utspelar seg kring hotella og strendene.

Boka vekslar mellom fortid og notid. I fortida møter vi Robert som antimaterialistisk student i Oslo, der han innleiar eit kjærleiksforhold til den særs spontane Maya Mesic. Robert er fullstendig oppslukt av den flotte unge kvinna. Men ei spesiell hending snur heile forholdet på hovudet. Desse tilbakeblikka får lesaren ta del i ved at Robert, mellom drammar og sigarettar, fortel kjærleikshistoria si til fire tyske pensjonistar som bur på same sydenhotellet. I notida følgjer vi Robert si daglege jakt, og etterkvart overvaking, der han kjem stadig tettare inn på sin livs kjærleik. Dramaet spissar seg til mot slutten, då han førebur den store framstøyten. Dei tragiske realitetane opnar seg: Kan Maya allereie vere tapt? Ved ”teppefall” gir forfattaren rom for at avslutninga kan tolkast på ulike måtar, utan at lesaren dermed føler seg snytt for fasit. Her er det opp til kvar enkelt å finlese og finne fram til sitt svar.

Tittelen på boka, Lucida, er knytt til eit omgrep nytta i psykologien. Det tyder eit augeblikk av klarheit i ein forvirra person sitt sinn. Erlend Flornes Skaret (38) skriv ein stilsikker nynorsk og rører ved mange av livets utfordringar. Som til dømes impulsivitet versus kontroll, det ekte versus det tilgjorte etc. Han har sagt opp jobben som sivilingeniør for å skrive på heiltid, med bubil som skrivestove. Lucida er Flornes Skaret sin andre roman, og er ei bok som kanskje høver best for den yngre lesarkrets.

Øyvind Fet, Sykkylven bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: