Himmelarkivet

.

HimmelarkivetGaute Heivoll har skrive mange sterke bøker , m.a. «Over det kinesiske hav» som kom i 2013. Bøkene hans har gjort inntrykk på meg og eg har likt dei svært godt. I sommar las eg dokumentarromanen «Himmelarkivet» som blei utgitt  i 2008 – ei bok som er like aktuell i dag og vil vere det i mange år framover.

Vi har høyrt og lese så mange historier om krigen, men dette var ei litt annleis og gripande forteljing som eg seint vil gløyme. Louis Hogganvik vart i januar 1945 arrestert av Gestapo og ført til hovudkvarteret deira «Arkivet» i Kristiansand. Årsaka  til arrestasjonen var truleg rykte om at Hogganvik forderva ungdommen med sine uttalte kommunistsympatiar. Ni dagar seinare tek han sitt eige liv ved å svelgje bitar av madrassen han søv på. Familien som sit igjen heime får ikkje vite noko. Dei trur at Louis er sendt vidare til Grini og går heile tida heime og ventar i spenning. Då freden kjem i mai trur kona og borna hans  at han vil kome heim frå fangenskap kva dag som helst. Først utpå sommaren får dei dødsbodskapen.

Forfattaren kom tilfeldigvis over historia om Louis Hogganvik og byrja å grave i kva som skjedde i løpet av dei ni dagane på «Arkivet». Då Louis blei arrestert var han ein frisk og sunn mann på 58 år. Få dagar seinare var han eit menneskeleg vrak. Kva er det som får eit menneske til å kvele seg sjølv – og så på den måten? Og kvifor ville tyskarane skjule det som hadde hendt? Korleis var det med dei heime, kona Teodora og dei to vaksne døtre, Birgit og Anna. Dei sit igjen med så mange spørsmål utan svar og får heller ikkje ei grav å gå til.

«Himmelarkivet» handlar også om korleis boka vert til og problemet forfattaren har med å fortelje historier som tilhøyrer andre.  Møtet med Birgit, dottera til Louis Hogganvik, får forfattaren til å reflektere over eiga familiehistorie. Tilhøvet til far og besteforeldre, som alle er borte. Og til kjærasten og sonen som kjem til verda medan forfattaren slit med å fortelje Hogganvik si historie.

«Himmelarkivet» er ein stillfaren, tankefull og fint fortalt roman som eg varmt kan anbefale.

Hilde Alvestad, Sykkylven bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: