Menneskets hjerte

.

Menneskets hjerteJón Kalman Stefánsson: Menneskets hjerte (2014) er den siste boka i ein trilogi om menneske som levde på Island for godt og vel hundre år sidan, eit Island som til forveksling likna Norge på den tida.

Trilogien er eit av dei mest ambisiøse nordiske romanverk som er skrive på mange år, og det går lenge mellom kvar gong eg les noko som fasinera meg så mykje.

Gjennomgangsfiguren i bøkene blir berre kalla Gutten, og vi følgjer hans kamp for å overleve i ein barsk natur. Det startar med eit fiskarlag som drar ut på havet, og på denne turen skjer det ei ulykke som vil prege guten sterkt resten av livet.

I bok nummer to legg guten ut på ei vandring i ein særs ugjestmild fjellheim, det er kaldt og mykje snø i fjella. Om djevelen har skapt noe i verden – bortsett fra pengene – må det være snøstormen i fjellene, tenker guten der han går og kjemper seg fram i snø, snø, mykje snø. Boka sluttar idet han er nær ved å dø av kulde, og tredje og siste bok opnar med at han blir funne og redda. Han slår seg no til ro blant menneske han kjenner, familie har han ikkje.

Tittelen på den tredje boka viser til ei gammal arabisk legebok, der det heiter at hjartet vårt er delt i to kammer, eit for lykke og eit for fortviling. Det er i desse ytterpunkta menneska i trilogien oppheld seg, og forfattaren skildrar dette på ein særs vellykka måte.

Den første boka heiter Himmelrik og helvete, og bok nummer to Englenes sorg. Saman med Menneskets hjerte utgjør bøkene ganske enkelt eit storverk av dei sjeldne.

Stefanssón er født i 1963 i Reykjavik, og har også gitt ut diktsamlingar. Språket er stilsikkert og lyrisk, og han seier sjølv at Knut Hamsun er eit av hans store forbilde.

Kari Flatmark, Sula bibliotek

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: