Over det kinesiske hav

.

HeivollRomanen ”Over det kinesiske hav” av Gaute Heivoll startar i 1994 med at ein mann ryddar opp i boet etter foreldra sine. Bilder, dokument, brev og klede: alt bringer fram minner frå hans eige liv, frå han kom hit som guttunge mot slutten av krigen og huset var nytt.


Vi går så tilbake i tid og møter eit ungt ektepar, forteljaren sine foreldre, som reiser sitt eige forpleiningshjem for «åndssvake», som romanen konsekvent kallar dei, i ei lita bygd på Sørlandet. Huset ligg aude til i skogen, med eit barnlaust ektepar som nærmeste naboar. Til dette huset i skogen kjem etter ei tid fem søsken i alderen 4 til 17 år. Frå før bor det tre menn på loftet, nemlig onkel Josef, Matiassen og Christian Jensen. Dei har alle sine særheiter og originale trekk. Det er tidlig i fredsåret 1945 at «tullingene fra Stavanger», som onkel Josef kallar dei, kjem. Nokre månader tidlegare har vergerådet i Stavanger tatt dei frå foreldra. Eit foreldrepar som berre ein eineste gong før dei døyr, får sjå barna sine igjen ei kort stund.

Dette er er med andre ord ein roman om oppvekst og liv i eit uvanleg miljø, rundt uvanlege menneske, men likevel ein roman som er uhyre jordnær – nesten saklig i stilen. Det er ei historie om den gongen «åndssvake» blei sett på og behandla på ein ganske anna måte enn i dag, med umyndiggjering og tvangssterilisering som faste innslag. Og det er ei historie om små menneske med store personligheiter, og ei historie om korleis eit barnesinn opplever og handterer møtet med annaleisheit.

Onkel Josef er ein av romanen sine sterkaste og mest rørande portrett. Om han heiter det etter at han er død: «Slik endte Josefs merkelige liv. Han hadde hatt verdenslitteraturen og gudstjenestene. Han hadde hatt tapperhetsmedaljen, og siden vandrepokalen å speile seg i. Jeg tror det var nok».

Gaute Heivoll har eit særlig godt grep på å formidle det alminnelege og daglige i eit liv. Hendingar som kvar for seg er minimale av format, men som like fullt utgjer livet for dei det gjeld. Faktene er få og små. Han løftar fram dei stemmelause og gir dei verdigheit og betydning, i dette tilfellet dei åndssvake. Når forteljaren går tilbake til barndommen og erindrer livet med dei fem søskena og dei tre mennene på loftet får romanen ei heilt spesiell atmosfære og språket til Heivoll er så fortetta og godt at det dreg lesaren med seg inn i historia. I store parti er denne romanen både vakker og urovekkende.

Anne Marit

 

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: