The Ocean at the end of the lane

.

gaimanNeil Gaiman er ein britisk forfatter innan science fiction- og fantasy-sjangeren. Han har også skrive fleire teikneseriar, m.a. den kjente Sandman, og levert manus til filmar og tv-seriar.

The Ocean at the end of the lane er Gaimans nyaste roman for vaksne, den er også oversatt til norsk med tittel Havet i enden av veien.

Historia byrjar med at ein middelaldrande mann køyrer ein tur etter gravferda til eit nært familiemedlem. Brått innser han at han køyrer mot barndomsheimen. Huset han vaks opp i er borte, og han dreg vidare til ein gard i enden av same veg. Møtet med garden og den gamle dama som bur der vekkjer ei rekkje undertrykte minne i han, «[...] mens jeg sto der i gangen kom alt tilbake.»

Vi blir tatt med tilbake i tid til då denne mannen var sju år, ein einsam og oversett gut som flyktar inn i bøkene.

«Jeg var lei meg for at ingen var kommet i selskapet mitt, men glad for at jeg hadde en Batman-figur, og jeg hadde en fødselsdagspresang som ventet på å bli lest, et komplett sett med alle Narnia-bøkene [...]»

Etter kvart skjer det mystiske og fæle ting rundt han, m.a. i form av den nye barnevakta Ursula, som bokstavelig talt viser seg å vere eit monster. Dette gjer at han treng hjelp av dei tre generasjonane kvinner som bur på Hempstock-garden, visdommen og kjærleiken deira gir han tryggheit i ei elles skummel verd:

«Voksne ser heller ikke ut som voksne inni seg. Utenpå er de store og tankeløse og vet alltid hva de gjør. Inni ser de ut som de alltid har gjort.  Som de gjorde da de var på din alder. Sannheten er at det ikke finnes voksne. Ingen i hele, vide verden.»

Sjuåringens kamp mot demonane er ei underhaldande historie i seg sjølv, men det at hendingane også kan lesast som barnet sitt møte med den skumle og utrygge vaksenverda, hevar forteljinga mange hakk. Difor kan boka trygt anbefalast både til fantasy-fans så vel som til dei som vil ha meir tradisjonelle romanar.

Anne Marit

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: