Søkk

.

SoekkHilde Myklebust er frå Vanylven på Sunnmøre. Temaet i dikta hennar er det som er nær henne, dagleglivet, dei usynlege banda mellom generasjonane, samværet med dyra. Ja, det er sånt som mange kan skrive om, og mange gjer det, men kva er det så som gjer desse dikta spesielle? 

Det er at ho som skriv står så planta i det, ho står i livet, ho er i det. Og ved å leve så tett innpå livet, så i takt med det, så ensar lesaren at hjarterytmen til menneska går i same takt som naturen. Naturen som gir næring til kropp og sansar. Det er små dikt som handlar om henne sjølv som jentunge, og alt er så nær henne fortsatt i dag. "Eg var eit barn som sto berrfødd i elva/Strauk fingrane over glatte steinar/og kjende kor det lindra".

Det er mange måtar å skrive om natur, dyr og samkvem mellom menneske på, men det kan fort bli klisjéfylt. Myklebust unngår dette, i staden les ein alt som om ein ser det for første gong. Eg har sjeldan lese samkvem mellom menneske og dyr så vakkert skildra, særleg om den unge jenta som "ber store spann over markane". Om jenta står det: "Det er ho som er mor/utan å vite det enno/Ho er som eit mjukt hus/kring ei kjerne av mogn".

Alle dikta har titlar som kun er eitt enkelt ord, og det understrekar det knappe og konsentrerte, og alle titlane startar med liten bokstav. Dette mer med på å henge dikta saman, slik at dei flyt over i kvarandre. Dikta til Myklebust er rein og skjær augekvild og må lesast sakte.

Mariann Schjeide

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: