Ravnene

.

ravneneRavnene er svenske Tomas Bannerhed sin debutroman.

 

Ei oppvekstskildring frå eit småbruk i Småland på 1970-talet høyrest kanskje traust og kjedlig ut, men er det ikkje!
På garden Undantaget har dei i mange generasjonar måtte kjempa for å overleve. Eg-personen Klas er 12-13 år, han er ein skuleflink gut, interessert i bøker og naturvitskap og ikkje minst fuglar. Han bur på denne garden i lag med foreldra sine og ein yngre bror.

Konflikten er klassisk: den tungsindige og psykisk ustabile bondefaren på den eine sida og den naturelskande og lite praktiske sonen på den andre. I midten står den kjærlege mora som ikkje veit kva side ho skal velge og som utslettar seg sjølv for å prøve å halde på husfreden.

Faren går stadig lenger inn i angsten og depresjonen, og samtidig med at faren går under er det ei heil livsform som går under. Jordbruket blir rasjonalisert og effektivisert og eit småbruk som Undantaget har ikkje lenger livets rett.

Klas er fullstendig prisgitt faren sine luner. Han lever i konstant frykt og lid under faren sine forventningar om at han skal ta over garden. Noko han kjenner med heile seg at han ikkje vil og kan. Naturen og interessa for fuglar blir ein fristad for Klas. Han er opptatt av å systematisere og nemne alt ved sitt rette namn, det blir ein måte å fasthalde ein slags orden på i ei verd full av kaos.

Det er mørkt og det er hjerteskjærande og det går ikkje bra til slutt. Likevel er denne romanen ei fryd å lese fordi forfattaren har eit så lysande godt språk og så stor psykologisk innsikt. Og forteljinga er ikkje utan "comic relief" - det er mykje mørk humor i galskapen. Eg fekk assosiasjonar til Fred av Arne Garborg og til Tarjei Vesaas. Forfattaren har sjølv nemnt Vesaas som eit av sine litterære førebilete.

Anne Marit

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: