Diego Marani: Ny finsk grammatikk

.

ny finsk grammatikkDette er ikkje mindre enn ein italiensk krigsroman der det meste av hendingane skjer i Finland. Og ho er skriven for oss som ikkje les så mange krigsspenningsbøker.


Vår unge helt, Sampo Karjalainen, blir funnen i forkomen tilstand i Trieste i Italia hausten 1943. Språklaus og skadd kjem han til hektene på eit tysk marinehospital, og han blir etterkvart hjelpt heim til Finland. Der skal han på nytt lære kunsten å meistre språket og dermed også sitt eige liv.

Vi møter ein feltprest som blir læraren hans både i språk og finsk mytologi, og han blir ven med lotta Ilmi som skriv trøystande brev til han frå fronten. Skildringane av det krigstrøytte Finland og finsk historie på første del av 1900-talet er akkurat grundige nok til at vi får med oss utviklinga hos Sampo når han lærer meir språk.
Han finn nok ikkje seg sjølv att i det finske språket, men han lærer det, og "aldri å gløyme ville ikkje vere til å halde ut".

Kva er det som gjer denne merkelege historien lesverdig? Sampi mister seg sjølv og strevar med å bli menneske på nytt i ei heilt ny verd der alle ord er nye og vakre. Og vi lever med han i denne kampen som har underlege, bisarre sider. Det er ikkje vanskeleg å følgje han gjennom den finske krigskvardagen, og vi får lyst til å leite opp att husa og gatene i Trieste og Helsinki.

Forfattaren Diego Marani arbeider som omsetjar i EU-systemet. Eg tvilar på han omset direkte mellom finsk og italiensk, men i denne boka er språket hovudsak, og eg skulle gjene lese meir av forfattaren. For nokre år sidan konstruerte han eit nytt språk, europanto, som han meinte var ei ordfesting av korleis EU-folk bruker språket. Han skreiv ein roman i dette språket: Las Adventures des Inspector Cabillot . Eg trur ikkje der er mykje finsk!

Men unn deg å sjå på ei vond verd med nye ord, ... og ikkje ver redd: Biblioteket hjelper gjerne til med å finne fram den (svenskspråkige) originalteksten til Runebergs Björneborgarnas marsch!

Knut

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: