Serena

.

SerenaBritiske Ian McEwan er ein av mine favorittforfattarar, så når det kjem ei ny bok av han er det ei stor hending!

I år kom altså romanan "Serena" på norsk, på engelsk har den tittelen "Sweet Tooth". Historia foregår på byrjinga av 1970-talet, og vi møter den unge studenten Serena Frome som har hamna på matematikkstudiet, sjølv om ho helst ville ha brukt all tida si på bøker og lesing.

Møtet med ein langt eldre og interessant mann som er professor på Cambridge, trekkjer henne inn i ei heilt ny verd av kultur og politikk. Han rekrutterer henne til sikkerheitstenesta MI5, og snart finn ho seg sjølv nederst i det store hierarkiet som er britane si mest hemmelege teneste.

Etter kvart får Serena i oppdrag å vere ein slags «føringsoffiser» for den unge og lovande forfattaren Tom Haley. MI5 har oppretta eit hastig kamuflert fond - eit som myndigheitene vil bruke til å støtte forfattarar som kan verke som ei motvekt mot den generelle venstredreiinga i samfunnet.

Kontakten med Tom fører til så vel kjenslemessige som faglige komplikasjonar for Serena. For når kan ho fortelje han sanninga om oppdraget sitt? Og kva for konsekvenser vil dette få for dei begge?

Vi er i eit England som er ramma av oljekrise, kolstreik, IRA-angrep og generell politisk uro. Den store «idékrigen» mellom aust og vest ligg under og styrer det meste av den politiske tenkinga.

Mest av alt er «Serena» ein roman om litteratur og lesing og om bedrag og sjølvbedrag. Eg synest at Ian McEwan igjen har skrive ei spennande og god bok. Han har eit fantastisk språk og det er berre å nyte teksten frå første til siste side.

Utan å røpe for mykje om slutten her så var den veldig overraskende og spenstig. Som lesar forstår vi at boka på sett og vis er lest "opp ned" - eit knallbra grep frå forfattaren si side. Novellene som den fiktive forfattaren Tom Haley skriv undervegs er veldig gode, og er i seg sjølv ein grunn til å lese boka.

Biblioteket har både den engelske originalutgåva og den norske oversetjinga på papir og lyd!

Anne Marit

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: