Amtmannens døtre

.

amtmannens døtreI 2013 markerer vi at det er 200 år sidan Camilla Collett vart fødd. Ho er kjend som kvinnesakskvinne og Norges første store kvinnelege forfattar. I 1854 kom ho ut med boka Amtamandens døtre.

Denne boka behandlar tematikk omkring jentene og døtrene sin livssituasjon på 1800-talet. Jentene måtte giftast bort, dei kunne ikkje velje ektemake fritt.

I boka møter vi amtmansdotra Sofie som er både klok, intelligent og svært vakker. Ho elskar huslærar Georg Kold. Men sjølv om Kold elskar Sofie, så kan det ikkje bli ”happy ending”. Boka endar med at ho skal gifte seg med prosten.

Boka er sett saman av Sofie sine dagboksnotatar, av Georg Kold sine brev til Margrethe.
Kaja Schjerven Mollerin skriv om boka  i Klassekampen 23.1. 2013:
"Jeg-stemmen skifter ofte brått, men vi befinner oss hele veien i et intimt, personlig rom."
Mollerin stiller også spørsmålet om Collett ikkje går litt langt i å dyrke den umoglege kjærleiken.

Eg opplever kjærleikshistoria som svært trist og gripande. Eg hadde stor glede av å lese Amtmandens døtre på nytt. Språkføringa er så rik og variert. Fint å ta ein tur tilbake til 1800-talet. Naturskildringane til Collett er så vakre.
Eg anbefalar Amtmandens døtre!

Kari Nesdal

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: