I morgen blir jeg tjue

.

.

 i morgen blirAlain Mabanckou er ein av dei fremste forfattarane frå Kongo og det afrikanske kontinentet forøvrig. Han har gjeve ut ei rekkje romanar og diktsamlingar og har vunne fleire prisar for bøkene sine. Han bor no i Frankrike og er professor i litteratur. I august var han gjest på Bjørnsonfestivalen i Molde. Tidlegare i år kom denne romanen i norsk omsetjing; I morgen blir jeg tjue.

Dette er historia om Michel som veks opp i utkanten av Pointe-Noire i Kongo-Brazzaville under det marxistiske styret  i landet på 1960- og 70-talet. På skulen må han resitere presidenten sine talar feilfritt og lære geografikartet utenat. Heime hos onkel René må han høyre på belærande talar om produksjonsmidlar og proletariat.

Men i baren om kvelden danser menn og kvinner til rytmisk musikk, og i gata slest dei største gutane så støvskyen står. Michel spring over asfalten og føler fotsålane brenne, han lyttar til Stemma frå Amerika på radio og han les faren sine bøker i skjul.

Levningane etter kolonitida pregar språket og draumane og gjer at jakta på identitet blir komplisert. Men Michel si ustoppelige nysgjerrigheit blir vegen hans til fridom og sjølvstendigheit.

Trass i Michel sin kaotiske oppvekst i eit kaotisk land - dette er inga trist bok. Og trass i ei virkeligheit som til tider er svært hard så held forfattaren på Michel si uskuld gjennom heile romanen. Den barnlege naiviteten hans står fram som både lystig og optimistisk med sin absurde humor.

Mabanckou skriv svært godt frå barnet sitt perspektiv, spesielt når han skildrar barnet si evne til å erstatte det det ikkje forstår med noko heilt anna. I morgen er jeg tjue
er ei usentimental forteljing med skarpe undertonar.

Anne Marit



 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: