Maskeblomstfamilien

.

maskeblomstfamilienBøker  som behandlar tema vanskeleg barndom og dysfunksjonelle familier
er det mange av.

Denne romanen av Saabye Christensen handlar om Adrian som veks opp bak slottet i Oslo på 50-talet. ”Jeg hadde en god oppvekst. Mor la seg tidlig. Far døde da jeg var tolv”.

Vi fylgjer Adrian, som er jeg-personen i boka, gjennom barndom og ungdomstid. Adrian er på mange vis ein outsider; han er annleis på fleire måtar.

Kvifor er tittelen: Maskeblomstfamilien? Kva skjuler seg under maska? I botanikken tilhøyrer Revebjella (digitalis purpurea) Maskeblomstfamilien. Dette gir assosiasjonar til døden, det giftige. Vi les om sjølmord og mord.

Romanen har etter mitt syn alt som trengst: godt språk, er godt komponert, har intensitet!
Filmen kan også anbefalast!

Kari

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: