Fjorden

.

fjordenRomanen Fjorden av Lars Ove Seljestad er ein roman som handlar om forholdet mellom far og son. I starten på boka møter vi sonen som er eg-person i boka; sonen sit ved dødsleiet til faren. Faren er død og sonen reflekterer over forholdet sitt til faren. ”Først etter at han er død, gir eg han eit kjærteikn” heiter det i den fyrste setninga.

I ei bokmelding i Dagsavisen heiter det:
"Den mannlege, middelaldrande forteljaren i Seljestad sin tredje roman slit. Tungt slit han, og har gjort det ei stund."

Ei dramatisk båtferd blir og skildra i romanen: Som 8-åring fekk sonen vere med far sin å hente den nye båten. På reisa fekk dei uver og måtte ta seg i land å vente til veret roa seg. Livet i båten, på fisketur, i fjøra og naustet var fristader. Desse opplevingane har vore gode. Her er det kvalitetstid frå 1960-talet. I tillegg til å vere ei spennande og dramatisk historie, er båtferda
også ei slags danningsreise: Faren lærer sonen båtliv. Eit stykke geografi-undervisning er denne reisa også. Vi får beskrive grender og gardar langs Hardangerfjorden.

Kan det kome noko godt frå Odda? Eller kva er det som gjer dette til ei lesverdig bok?
Seljestad har ei historie om barndom og midtlivskrise og vanskelege relasjonar å fortelje. Han har eit presist og stramt språk som eg likar. Han skildrar barndom, mannsroller, jakt på identitet på ein interessant måte.
GOD BOK!

Kari

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: