A Game of Thrones

.

i vargens tidA Game of Thrones er ein fantastisk fantasy-serie og no også tv-serie.

George R.R. Martins mesterverk, som fekk The Times til å kalle han den amerikanske Tolkien, kunne ikkje ha vore meir forskjellig frå Ringenes Herre.

Staden er Westeros – eit kontinent som kanskje kan samanliknast med eit langstrakt Storbritannia, der nordspissen er dekt av evig vinter. Her har ein stor mur stått i tusenvis av år for å beskytte resten av landet mot skrekkelige vesen frå nord. Sørspissen av Westeros består av stein og ørken og strekkjer seg austover mot nabokontinentet Essos.

Vi følgjer 8 forskjellige personar, alle adelige, gjennom ei mildt sagt turbulent tid.

15 år tidlegare kom kongeriket ut av ein forferdeleg borgarkrig, og den noverande kongen har vist seg å vere meir egna til å vinne krona enn til å halde på den.

For Stark-familien, leia av Eddard og Catelyn, betyr det at dei hyggelege familiestundene er over. Ikkje berre kjem kongen på overraskande besøk, men han har Lannister-familien på slep, og det er mykje vondt blod mellom dei to dynastia.

Over sjøen planlegg Targaryen-familien eit nytt forsøk på å ta tilbake trona dei tapte for 15 år sidan, og planen inneber å gifte bort 13 år gamle Daenarys til ein barbarisk hærførar. Viss ikkje det var nok, så er vinteren på vei, og den kan vare fleire tiår av gongen.

A Game of Thrones er ein serie om politisk manøvrering og harde realitetar i ei verd der det ein gong fanst magi og fabelfigurar, men som no er ei dyster og melankolsk verkeligheit. Martin unngår nesten alle klisjeane som øydelegg dårlig sjangerlitteratur. Realistisk er eit ord som vert brukt om denne serien, men A Game of Thrones verkar ikkje berre realistisk, men sann.  Dette er ekte menneske som lever i ei verd som er verkeleg for dei, og bøkene fortel oss noko sant om menneska, uansett kor dei lever. Handlingane har ekte konsekvensar og personane har ekte kjensler.

Alle personane har meir enn ei side, noko som er ganske uvanlig i denne typen litteratur. Sjølv om ein lett kan putte personar i bås, Arya er gutejenta, Jon er den utstøytte helten og Tyrion er ein sarkastisk anti-helt, så oppdagar ein snart gjennom augene til andre karakterar at førsteinntrykket ikkje alltid stemmer.

Dei to første bøkene i serien er omsett til norsk; I vargens tid og Kampen om jerntronen, men eg vil absolutt anbefale å lese dei på originalspråket. Dei norske omsetjingane ber preg av hastverksarbeid, og språket haltar litt.

Første sesong av TV-serien kjem på DVD i mars – du vil finne både den og bøkene i biblioteket!

Anne Marit



 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: