Sjabervik

.

sjabervikSjabervik er ei novellesamling om ei fiktiv kystbygd på Sunnmøre. Eg må først seie at noveller ikkje er det første eg grip etter i ei bokhylle, men dette var annleis. Eg hadde kjensla av å lese ein historisk roman, for tidsrommet i dei 21 novellene strekk seg frå 1835 fram til i dag.

Tekstane og personane grip inn i kvarandre, og alle handlar om personar som fell på sida av samfunnet, og dei blir kanskje særleg synlege i ei lita bygd som Sjabervik. Særleg før i tida blei ein fødd inn i ein lagnad ein sjølv ikkje hadde herredømme over, vegen var lagt og det var lita von om å kome seg ut av eit gamalt spor generasjonar før hadde trakka opp.

I første novella som er tidsett i 1835 møter vi Angel som må i fengsel og deretter gapestokk for å ha opponert mot embetsstanden, og i seinare noveller møter vi til dømes tenestejenta Naomi som blir gravid utanom ekteskap og enda seinare fergebillettøren Jonni som har vore på den same ferga i over tjue år utan å kome seg noko vidare. I alle fall ikkje vekk frå bygda der han har vore heile livet med unntak av militærtenesta som blei avbroten før tida.

Øystein Orten skriv nært og levande om eit bygdeliv han kjenner godt, og det er særleg artig at han bruker så mange typiske dialektuttrykk frå Sunnmøre. Han nyttar også dansk og riksmål for å underbygge ein distanse. Også sjølve tittelen ”Sjabervik” viser det, ”sjaber” er eit uttrykk for småsjuk, litt utafor, kvalm. Han seier sjølv at enkelte av dialektorda han brukar er svært presise, og at det er eit rikt reservoar å hauste av. Og han skriv særleg godt om kvinner og kvinnesinnet, og vekslar mellom mannlege og kvinnelege hovudpersonar med den største sjølvfølge.

Boka kan altså lesast som ein roman. Er ein i tilleg interessert i historie, og kanskje særleg då lokalhistorie, anbefalast denne boka av Øystein Orten.

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: