Historien om Edgar Sawtelle

.

sawtelleEdgar veks opp på ein avsidesliggande gard i Wisconsin, nord i USA. Handlinga foregår på 70-talet og Edgar bor på denne garden i lag med mora Trudy og faren Gar.

Foreldra har lenge prøvd å få barn før Edgar vert fødd. Trudy har hatt mange abortar og mislykka svangerskap, så Edgar er eit etterlengta og elska barn. Ikkje berre av foreldra men også av familiehunden Almondine, som er Edgars største fan og trufaste følgesven.

Foreldra til Edgar driv med oppdrett av hundar. Bestefar til Edgar grunnla kennelen ut frå ein heilt eigen teori om hundeavl og dressur. Sawtelle-hundane er ikkje avla opp etter utsjånad og rasestandard, men etter intelligens og lynne og evna til å observere situasjonar og kommunisere med eigaren sin. Dei blir ikkje selt vidare til nye eigarar før dei er fullvaksne og ferdig trent.

Edgar er fødd stum, men ikkje døv. Han utviklar ei eiga form for teiknspråk som berre mora, faren og Sawtelle-hundane forstår. Edgar sin onkel, Claude, som er bror til faren Gar, flyttar inn på garden etter å ha sitte mange år i fengsel. Claude sjarmerer mora Trudy og delvis også Almondine, men Edgar hatar han. Han sensar at Claude ikkje har gode intensjonar, og han er veldig oppmerksom på at der er spenningar mellom faren og Claude.

Når Edgar er 14 år gammal døyr faren under dramatiske omstende. Han og faren er åleine heime på garden, Edgar forsøker å ringe etter hjelp, men greier ikkje å utstøyte ein einaste lyd. Det gir han ei djup kjensle av skuld. Seinare viser faren seg for han i ein draum eller eit syn, og meir enn antydar at dødsfallet ikkje var eit uhell. Edgar opplever det som verda og livet rasar saman rundt han. Når mora ei stund etter Gars død, innleiar eit forhold til Claude, ser ikkje Edgar nokon annan utveg enn å rømme frå garden. Han tek med seg tre av hundane og legg ut på ei farefull og strabasiøs ferd i øydemarka.

For meg var denne romanen ei stor oppleving og ei fryd å lese. Den rørte meg til tårer, men eg vil likevel seie at den er usentimental. Wroblewski er ein god historieforteljar , han har djup psykologisk innsikt og han har ein detaljpresisjon som gjer at eg er der, tilstades i lag med menneska og hundane i historia.

Det at eg sjølv hadde eit nært forhold til hundar i oppveksten er nok ei medverkande årsak til at denne boka rørte meg og fenga meg. Men etter mi meining treng du slett ikkje å vere hundeinteressert for å bli fascinert. Hundane i boka gir deg derimot ei djupare forståing for menneskelege trekk, det at vi djupast sett ønsker å kommunisere med kvarandre, forstå kvarandre og bli sett som den vi er.

Og romanen er så mykje meir enn ei “hundebok”! Den er spanande og mystisk som ein kriminalroman, den er ein oppvekstroman og generasjonsroman som utforskar familieforhold,  - og spesielt vil eg trekke fram måten forfattaren formidlar Edgar sitt forhold til språk på.
Sjølv om Edgar er stum er forteljarstemma hans i romanen klar og tydeleg. Og i Sawtelle-familien er Edgar, paradoksalt nok, den personen som er lettast å forstå for oss som lesarar.

Fleire anmeldarar har trekt fram at her er mange parallellar til Hamlet av Shakespeare og Jungelboken av Kipling. Ein tydelig referanse til Hamlet har du i det at den døde faren viser seg for Edgar i eit syn for å fortelle at han er blitt myrda, og nærmast gir Edgar, slik Edgar sjølv oppfattar det, i oppdrag å avsløre den skuldige. Og like eins til Jungelboken – den farlause guten som overlever i villmarka med dyr som einaste vener og følgesvener.

Om eg skal samanlikne Wroblewski med andre forfattarar, må det vere store amerikanske historieforteljarar som John Irving og Cormac McCarthy. Historia er samansett og mangesidig, men likevel lett å følge og lett å lese

Kort sagt, ei bok som eg vil anbefale på det varmaste!

Anne Marit

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: