Alle mine kjære

.

Alle mine kjæreSom oftast kan eg ikkje hugse kva det var som vart avgjerande dei gongene eg har vald å prøve meg på ein for meg ny og ukjent forfattar. Men den amerikanske forfattaren Alice Sebold har greidd å lokke meg til å lese to av hennar bøker, berre basert på den aller første setninga i boka.

Den første gongen var da eg uventa fekk fleire timar med venting på fly heim frå Gardermoen, og hadde bestemt meg for at besøket i  bokhandelen skulle resultere i berre ei bok. Eg sto der med ein heil bunke, men valet blei lett da eg leste: «Namnet mitt var Salmon, som fisken. Fornamn: Susie. Eg var fjorten då eg blei myrda den 6. desember 1973».Eit slikt dristig forteljargrep pirra nysgjerrigheita hos meg.

Alle mine kjære blir lesaren vitne til eit mord og alt som skjer i kjølvatnet av dette mordet, og det heile er skildra frå den valdtekne og drepne Susie sin synsvinkel. Frå eit himmelsk univers følgjer Susie med på mordaren og politijakta på han, og ho observerer familien sin der dei strevar med å forstå og takle denne grufulle tragedien som har råka dei.

Alle mine kjære er ingen tradisjonell krimroman. Mordaren er avslørt allereie på dei første sidene, men det gjer faktisk ikkje boka mindre spanande. Det er jo berre lesaren og Susie sjølv som veit kven mordaren er. Politiet, familien og nabolaget veit det ikkje, og det er jakta på mordaren som i stor grad er drivrafta i forteljinga. Dei finn ikkje liket, og åra går. Og for dei som sit att går livet vidare.

Handlinga vekslar mellom tilveret i himmelen, minna til Susie, og korleis livet artar seg vidare her nede på jorda utan Susie. Vi følgjer foreldra i sorg og oppløysing, og syskena som veks opp i skuggen av ei død storesyster. Sysken og vener forelskar seg og gjer alle dei tinga ho sjølv aldri fekk gjort. Susie forblir 14 år i sin forunderlege eventyrhimmel, medan ho gjer alt ho kan for at mordaren hennar skal bli tatt. Underleg og annleis, men fengjande roman.

Boka blei ein bestseljar då den kom ut i USA i 2002, og filmatisert i 2008.

Og korleis startar den andre boka til Alice Sebold? Kom og lån Nesten evig på biblioteket, så får du sjå.

Hilde Gjessing, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: