Her hos de levende

.

Her hos de levendeForteljaren i denne boka liknar til forveksling på forfattaren sjølv. Han er litt over midt i livet, har hatt ein karriere som musikar og heiter Henriksen til etternamn. Så er da også romanen lauseleg knytt til Levi Henriksens, og hans families, eiga historie.

Dette er historia om ein mann i krise. Han har reist ut på vegen stort sett utan bagasje. Han har tatt med seg gitaren og nøkkelen til barndomsheimen på Skogli, der ingen har budd på fleire år, som er solgt og som skal rivast, men nøkkelen passar framleis.

Han slår seg ned i det tomme huset, tenker over livet, nøster i lause trådar og nektar å ta telefonen når kona freistar å få tak i han, han har eit hovud å rydde.

Det eksistensielle har fått god plass i denne forteljinga. For kven er eigentleg denne forteljaren, og kvar kjem han ifrå? Farens oppvekst er sentral, og ikkje minst dennes dårlege stefar.

Tidleg i boka seier forteljaren at bror til far hans skaut seg i eit romjulsbryllaup rett etter krigen, men at det ikkje er det han vil fortelje om, heller ikkje om den natta far hans gikk for å slå ihel stefaren sin. Allerede der er stemninga satt.

På kjent vis leiar Levi Henriksen lesaren gjennom ei historie som på same tid er både dramatisk og roleg. Det handlar om Skogli, personlege historiar, pinsevener og hedmarkingar. Det handlar om menneske.

Håvard Bjørnelv, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: