Det femte barnet

.

femte barnetDoris Lessing fekk Nobelprisen i litteratur i 2007.

I boka "Det femte barnet" som kom i 1989, møter vi Harriet og David som vart eit par på 70-talet. Dei vil ha mange barn og stort hus på landet med god plass for slekt og vener som kjem på besøk. Heldigvis har dei foreldre med god økonomi.

Alt er fryd og gaman heilt til Harriet er gravid med barn nr. 5. Dette barnet er eit spesielt og annleis barn som allereie i mors liv mest driv henne til galskap. Ben er lite pen, lite intelligent og ein slags moderne Mumle Gåsegg. Han har ein enorm energi, og med aktivitetsnivået sitt er det som om han kjem frå ein annan planet. Som lesar undrar eg meg på om Ben kan ha genar frå eit fortidsmenneske?

Dei fire eldre syskena mislikar han og er med god grunn redde for han. Ekteskapet mellom Harriet og David får ei stor utfordring med Ben. Kva skal dei gjere med han?

Det femte barnet er ei ganske kort og lettlese bok. Boka er rystande, og det er lett å bli fascinert av historia om Ben. Finst det menneske som er fødde så vonde? Lessing bevegar seg i grenselandet mellom fantasi og røyndom i denne boka. Spørsmålet om skuld er sentralt i boka. I kva grad tyder det å ta omsyn til Ben å ofre "familielykka"?
Når Harriet hentar Ben ut frå institusjonen der metodane er neddoping og tvangstrøye, synes slekt og vener at ho er uansvarleg og egoistisk. Men ho er jo mor også til Ben. Boka er ein moderne fabel om familielykke og ulykke og vel verd å lese!

Kari

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: