Innsirkling

.

InnsirklingHausten 2017 kom trønderen Carl Frode Tiller med sin 6. roman sidan debuten med Skråninga i 2001. For dei som enno ikkje har lest noko av denne forfattaren vil eg trekkje fram den meisterlege Innsirkling-trilogien, som starta med Innsirkling i 2007. (Oppfølgjarane, Innsirkling 2 og 3, kom i 2010 og 2014).

David har mista minnet. For å finne tilbake til seg sjølv har han sett inn ei annonse med bilde av seg i avisa. Han ber folk som kjenner han att på bildet om å ta kontakt med han pr. brev. Han ønskjer å få hjelp til å finne tilbake til kven han er, og vite kva rolle han har spela i andre sine liv.

Handlinga skifter mellom breva frå brevskrivarane og deira tilvere i notida. Skildringane avdekkjer slik like mykje kvardagslivet på Otterøya og i Namsos på midten på 2000-talet, som David sin oppvekst på 1970- og -80-talet. Til saman dannar desse forteljingane eit svært realistisk tidsbilete dei fleste lesarar vil kjenne seg att i.

Det blir etter kvart eit stort persongalleri som får presentere sine versjonar av kven hovudpersonen er: stefaren, venner frå barndom og ungdomstid, ex-kjærestar - og ei eldre dame som var til stades da David vart fødd. Vi får til dels ulike versjonar av David sin barndom og ungdomstid. Lesaren blir etter kvart tvunge til å vurdere utsegna som framsettast, og tolke romanpersonane sine underliggande motiv. Kva er sanninga? Er David sitt minneprosjekt berre eit kunststunt? Det er først i siste bandet at vi for alvor møter hovudpersonen gjennom hans eigne ord.

Tema ein møter i trilogien er identitet, kultur og klasse, arv og miljø, biologi og oppvekst - det å ikkje kjenne seg «heime» i den familien ein høyrer til i. Og frå sidelina dukkar det i 3. bindet opp nye og sjokkerande detaljar…

Forfattaren fekk Brageprisen i 2007 for Innsirkling I. I grunngjevinga til juryen sto det det mellom anna at «Carl Frode Tiller har en utpreget evne til å få sine personer til å fremstå som overbevisende for leseren.Særlig i dialogene demonstrerer han stor innsikt i hvordan mellommenneskelig kommunikasjon fungerer.» Det er ubehageleg, det er thriller-spennande, og det er til og med morosamt.

Om du på slutten av det 3. bandet synest David er sirkla inn, står att for deg å avgjere.

Hilde Merete Gjessing, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: