On Chesil Beach

.

chesilBrudeparet Florence og Edward er hovudpersonane i Ian McEwan sin roman On Chesil Beach frå 2007, den norske tittelen er Ved Chesil Beach.

Vi er i England i 1962. Florence er dotter av ein forretningsmann og ein Oxford-akademikar og er ein talentfull fiolinist. Ho drøymer om å gjere karriere som konsertfiolinist og om det perfekte livet ho og Edward skal skape. Edward er ein ung og flink historiestudent. Dei møtte kvarandre tilfeldig, og han overraskar både henne og seg sjølv med å fri etter kort tid. Edward er oppvaksen på landet utanfor Oxford. Mora hans har fått ei hjerneskade etter ei ulykke, og faren har strevd med å halde kvardagen saman. Edward har lengta etter å kome vekk, og i London har han funne det spanande livet, og der har han truffe og forelska seg i den følsomme og sjenerte Florence.

Florence og Edward er forsiktige menneske, dei har problem med å uttrykke seg sjølve og kjenslene sine, noko som igjen skaper problem for kommunikasjonen i forholdet. Paret veit at dei elskar kvarandre, men dei er veldig forskjellige. Edward ser fram til foreininga på bryllupsnatta, Florence gruar seg inderleg. Denne første elskovsnatta skal då også vise seg å bli fatal.

Paret er unge i ei tid då Storbritannia og resten av verda er i endring. For mange unge menneske var 60-åra den perioden kor den seksuelle revolusjonen starta. Men for Florence og Edward gjer fortida sine konvensjonar og moral seg fortsatt gjeldande, det er umulig for dei å vere åpne om seksualitet og sin eigen uvitenheit.

Ian McEwan skildrar suverent desse små øyeblikka i menneskelivet som blir avgjerande for resten av framtida. Samme tema har forfattaren i romanen Atonement (Om forlatelse) frå 2002. Han gjer det i ein språkleg sikker stil som har element av stream-of-consciousness.

Eg høyrde denne romanen som lydbok på engelsk, lese av forfattaren sjølv. Noko som heilt klart legg til ein ekstra dimensjon. Som bonus får du etter romanen eit intervju med forfattaren. Romanen har også fått ekstra aktualitet i og med at den no blir til film med premiere i januar 2018.

Anne Marit Huse 

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: