Den som forvolder en annens død

.

den som forvolder en annens dødEin tidlegare rockemusikar som har vært fengsla for vald har slått igjennom som forfattar etter å ha sona straffa si. Etter kort tids suksess i det nye yrket blir han igjen arrestert, denne gongen mistenkt for drap på sin litterære mentor. Advokat Mikael Brenne får oppdraget med å forsvare han.

Men det er ikkje alltid så lett å føre ein sak for retten når ein ikkje kjenner alle fakta, og Brenne oppdagar snart at det kan være farleg å grave i saken. Ein ting er at klienten kan bli dømd, ein annan at han sjølv plutseleg finn seg i livsfare.

Etter å ha tatt ein pause frå Mikael Brenne i sitt forfattarskap er Chris Tvedt tilbake med ein advokatkrim, og det på en særskilt overbevisande måte.

Det er antagelig ingen andre i Noreg som kan skrive rettssalsdrama like truverdig. Her er det høge tempoet og dei kompliserte intrigane vi kjenner frå tidlegare bøker og forsvarsadvokatens dilemma blir openbert, for korleis kan ein hederleg advokat med samvettet i behald forsvara ein mann han ikkje trur burde være fri?

Denne boka blei nominert til Rivertonprisen for årets beste krim i 2016.

Håvard Bjørnelv, Giske folkebibliotek

Er boka ledig ved Ålesund bibliotek?

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: