Fire dager, åtte år

.

fire dager åtte årDenne romanen tek utgangspunkt i ei verkeleg hending frå 1972: bygninga til avisa Fædrelandsvennen vart sprengt i lufta og øydelagd. Politiet pågreip gjerningsmannen etter fire dagar.

Dei tre hovudpersonane i boka er Kristine, sonen Tor Arne 15 år og journalist Sigurd. Kristine har ei fortid som korrekturlesar i avisa, no er ho åleinemor med jobb i kolonialbutikk. Sonen har jobb som avisbod. Kristine og Sigurd var ungdomskjærestar. Sprenginga av avisa aktualiserer det som skjedde for 8 år sidan då mannen til Kristine forlet henne og Tor Arne.

 

Ein får eit interessant møte med 1970-talet i denne boka av Line Baugstø. Livet i avisa blir framstilt på overtydande vis. Eg likar måten forfattaren skildrar hovudpersonane og "psyken deira" på. Boka er spennande: Kven kan vere gjerningsmannen? Er det eit politisk attentat?

God bok!!

Kari

 Ålesund bibliotek | Besøksadresse: Rådhuset, Lavblokka 2. etg. | Tlf: 70 16 22 60 | E-post:
Spjelkavik filial | Moa helsehus | Tlf: 70 16 45 30 | E-post: